Årdal kulturfestival: Microbingo

ds

Framsyningar

Henter programmet

Klokka 18

Varigheit 90 min

Stad: Den gamle kraftstasjonen i Øvre Årdal

Årdal kulturfestival:

Microbingo

Årdal kulturfestival:

Microbingo

Aldri vore på bingokonsert med Microbandet? Skandale! Godt at Årdal endeleg tek affære og opnar dørane for deg og for hyggeduoen frå Hardanger! Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal) og Brit Aksnes (gitar, vokal) har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet. Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida i Bergen sine etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda i Øvre Årdal si kulaste bule, den gamle kraftstasjonen. Me stiller med bongar og pennar, du stiller med positiv innstilling!