Stedje, Lothe, Tokvam - Summetonar

Framsyningar
Henter programmet
Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam gir ut album saman.
Dei tre artistane har samla seg om eit felles prosjekt. Å lage eit
album med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og
musikalske fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom.
Menneska dei har møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane,
krikane og krokane dei kjenner både kvar for seg og saman. Stadar
som ber på minner. Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og
Kjølsdalen – desse og fleire stadar får sine songar. For alle stadane
husar tekstar og historier. Frå poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til
absurde fortellingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle. Kjærleiken,
lengten og livet.
Olav Stedje har vore plateartist sidan 1981. I sitt syttiande år ser han framover og kjem med
ny musikk. Brorparten av songane på Summetonar er heilt nye. Med tekst og musikk signert
Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam. Det resterande er gjendiktningar av klassikarar som Witchita
Lineman og Galveston.
Albumet Summetonar kjem 13. april. Gjesteartistar på albumet er Sigrid Moldestad, Steinar
Karlsen og Stardalen Mannskor.
Når Stedje, Lothe, Tokvam no tek med seg albumet og reiser på turné, blir albumet
presentert som ei sammanhengande forestilling. Finn Tokvam vil knyte det heile saman med
sine lune og humoristiske betrakningar rundt temaet i kvar enkelt song. Med seg har dei
også langvarig samarbeidspartnar og medmenneske Halvor Folgerø på bass.