KARL SEGLEM path.hope.myth i Årdal Kulturhus

Karl

Framsyningar

Henter programmet

KARL SEGLEM path.hope.myth

Hausten 2023 lanserte Karl Seglem 2LP konseptalbumet Mytevegar som fekk overveldande kritikkar. Det siste året har han turnert på klubbar og festivalar i inn og utland, og etter 6 år er han klar for ny konsert i Årdal. Han er litt spent på om indresogningane hugsar han? Sikkert er det at musikken hans er inspirert og prega av ein oppvekst på vestlandet og sjølv om han stadig går nye vegar er musikken rota i dette norske vestland. Saman med eit superlag gler han seg til å presentere musikk og poesi som spenner frå det vare og poetiske til det rocka tunge mørket. Ein cd-versjon av musikken som blir presentert på konserten vil foreligga i oktober 2024, retta mot ein internasjonal marknad.

Den raude tråden i hans siste produksjonar, hans musikalskpoetiske vevnad er som tittelen på hans siste poesisamling paradoksal: "Djup redsle. Djup ro". Det handlar om klima, naturtap tilstanden til vår felles klode, om menneska si framferd i antropocen.

Lyd, tankar, ord, bilder som opnar opp og tek lyttaren med inn i særeigne musikalskelandskap. Ei unik konsertreise der ei visuell utforming også er viktig.

“Det er knalltøft, spennende og sammen med diktene, gjør det Mytevegar til en av de besteog viktigste norske platene i hele 2023, uansett sjanger ” Roy Ervin Solstad, Stereo +

"Karl Seglem er en musiker, komponist og visjonær jeg har den største respekt for i mange tiår. Med "Mytevegar" har han skapt sitt største verk - et verk som vil bli stående lenge. Svært lenge."Tor Hammerø, Nettavisen

BANDET
Karl Seglem, ten.sax, bukkehorn, stemme

Håkon Høgemo, hardingfele

Erlend Viken, feler, vokal

Andreas Vold Løwe, piano, tangentar

Hallvard Gaardløs, bass, stemme

Kåre Opheim,trommer

Alf Magne Hillestad, perkusjon, elektronikk

Ove Nesheim, lyd

Birk Nygaard, visuell utforming

ÅRDAL KULTURHUS; ØVRE ÅRDAL, SØNDAG 17.November

BIllettpris kr. 400,-Student kr. 250,-